onsdag 14. oktober 2009

pressemelding:

FORDØMMER SPANSK ANGREP PÅ BASKISK FAGFOREINING

Spansk politi storma i går kontora til den baskiske fagforeininga LAB og arresterte seks personar. Totalt ti personar er arresterte i den siste kampanja frå den spanske staten, som slår ned på tidlegare medlemmer av det baskiske partiet Batasuna.

Langile Abertzaleen Batzordeak (LAB) organiserer rundt 32.000 arbeidarar i Baskarland, hovudsakleg i den spanske delen.

– Dette er nok eit angrep på den baskiske venstresida som er for baskisk sjølvstende, seier Ingrid Baltzersen, representant for solidaritetsgruppa Fritt Baskerland.

Den spanske staten har forbudt politiske parti, dei har arrestert medlemmer av organisasjonar som driv med kulturarbeid, og dei har stengt aviser og radioar. Desse angrepa har skjedd fordi medlemmer har vore medlem i det politiske partiet Batasuna, ikkje fordi enkeltpersonane eller organisasjonane har gjort noko ulovleg.

– Den spanske staten kneblar ytringsfridommen og organisasjonsfridommen for baskarane, avsluttar Baltzersen.

For meir informasjon eller kommentar, kontakt Ingrid Baltzersen: 98 87 65 78.