Meir enn to år sidan, og nøyaktig 70 år etter bombinga av Gernika, skipa me, folkevalde representantar frå ulike europeiske land, Gernika-nettverket for sjølvbestemming i Baskarland.
Hensikten med nettverket er: Å fremja på internasjonalt og institusjonelt nivå anerkjennelsen av retten til sjølvbestemming i Baskarland. Og å drive lobbyverksemd til fordel for ei framforhandla løysing på den eksisterande politiske konflikten.
Den politiske situasjonen i Baskarland har ikkje bedra seg dei siste to åra. Massive arrestasjonar av politiske leiarar, lange fengselsstraffer mot politiske aktivistar, bruk av tortur, væpna handlingar fra ETAs side, politiokkupasjon, fleire sabotasjeaksjonar mot eigedom og personar, forbod mot politiske parti .... er dei tragiske konsekvensane av konflikten etter at forhandlingsprosessen feila.
I denne aktuelle situasjonen har den venstreorienterte uavhengighetsbevegelsen igjen vist sitt ønske om å overvinna hindringar og finna løysingar på denne tragiske konflikten. I dag er me heldigvis i stand til å erkjenna eit positivt skritt mot ei løsning av konflikten. Laurdag 14. november presenterte la izquierda abertzale [1], den venstreorienterte uavhengighetsbevegelsen, det dei kalte «Eit første skritt for ein demokratisk prosess: Uavhengighetsbevegelsens prinsipper og mål». I dette dokumentet forpliktar bevegelsen seg til ein «demokratisk prosess» som «Må utviklast utan nokon formar for vold eller innblanding, med bruk av politiske og demokratiske verkemiddel aleine». Det fastslår også at ein prosess for fleirpartsamtalar «må gjennomførast i samsvar med Mitchell-prinsippa»[2].
Dokumentet fortset med å seie at «Den resulterande avtalen må garantera at alle politiske prosjekt skal kunna forsvarast med like moglegheiter og utan eksternt press eller innblanding. Viljen til majoriteten av dei baskiske borgarane, uttrykt gjennom folkerøystinga, må implementerast».
Me, medlemmene av Gernika-nettverket, ønskjer velkommen og applauderer initiativet frå den venstreorienterte uavhengighetsbevegelsen. Me trur at denne uttalelsen mogleggjer eit positivt scenario for dialog og avtale.
Alle involverte partar i konflikten, og spesielt den spanske stat, bør reagera positivt til initiativet og bør engasjere seg i en multilateral avtale som er basert på dialog, fredelige og demokratiske middel, og lar baskarane bestemme fritt over framtida si.
Me krevjer umiddelbar lauslating av Arnaldo Otegi og alle medlemmer av den venstreorienterte uavhengighetsbevegelsen som har blitt arrestert dei siste årene på grunn av dei politiske aktivitetane dei har delteke i, inkludert tidlegare parlamentarikarar, lokale tillitsvalde og tidlegare parlamentsmedlem Karmelo Landa, som UN Working Group on Arbitrary Detention har krevd frigjeve.
Me beklager den siste politioperasjonen mot dusinvis av baskiske ungdomsaktivister. En fredelig og varig løysing i Baskarland vil berre bli oppnådd når alle borgernes sivile og politiske rettigheter blir fullt og skikkelig respektert.
Til slutt vil me, parlamentsmedlemmer og folkevalde frå heile Europa, fornya vårt løfte om å jobba nasjonalt og internasjonalt for ei fredelig og demokratisk løysing på konflikten i Baskarland. Difor oppfordar me alle våre kollegarer rundt i Europa og Amerika, parlamentsmedlemmer og valde representantar, til å fremja ein demokratisk fredsprosess for å løysa den pågåande konflikten i Baskarland basert på baskarane sin rett til å avgjera si eiga framtid.
26. november 2009
http://gernikanetwork.
1] Ordet Abertzale er knytt til ein bestemt måte å forstå baskisk nasjonalisme som ei progressiv og internasjonalistisk rørsle som involverer eit bredt spekter av organisasjonar som politiske parti, fagforeiningar, kulturelle organisasjonar, og betydelige delar av kvinnerørsla, miljørørsla og internasjonale rørsler, som trur på frigjeringa av Baskarland.
2] Oppkalt etter den amerikanske senatoren George Mitchell, var Mitchell-prinsippa ein avtalemellom dei irske og britiske myndigheitene og dei politiske partia involvert i den irske fredsprosessen. Blant annet forplikta prinsippa deltakarane til å bruka demokratiske og utelukkende fredelige middel for å løysa politiske problem.








